Om Bjerkreim idrettslag

Hovedstyret

Hovedstyret i Bjerkreim idrettslag består av

Astrid Apalset Vassbø

Leiar

Tone Vaule

Nestleiar

Åshild Slettebø

Sekretær og sponsoransvarleg

Terje Versland

Styremedlem og kontakt for stadionbygget

Per Spødervold

Styremedlem, medlemsansvarleg, kalenderansvarleg

Liv Henny Haugstad

Kasserar

Hanne Skjæveland

Styremedlem, ansvarleg for politiattestar

Hovedstyret sine oppgåver

Bjerkreim idrettslag har eitt hovedstyre og fem undergrupper med eigne styre. Undergruppene har ansvar for kvar sine idrettsgreiner: Fotball, handball, friidrett, ski og turn. 

Hovedstyret har det overordna ansvaret for drifta av klubben. Hovedstyret har gjennom halvårlege møte med Bjerkreim kommune og felles synfaring på Vikeså stadion og eit godt samarbeid om drift og vedlikehald. Vi har òg eit særskild ansvar for søknadar som kjem heile klubben til gode, rapporteringar, sponsoravtalar, samarbeid med Bjerkreimshallen, fordeling av treningstider på anlegget mm. 

Det er ca åtte møte i hovedstyret kvart år. På annankvart møte er undergruppene inviterte med for å sikre ein god informasjonsflyt begge vegar. Årsmøte med budsjett- og rekneskapsgjennomgang, val av nytt styre, årsmeldingar for både hovedstyret og undergruppene og andre vanlege årsmøtesaker vert gjennomført kvar vår, vanlegvis i mars. 

Det er òg hovedstyret som har kontakt inn mot Rogaland idrettskrins og andre aktørar som vil ha kontakt med Bjerkreim idrettslag. Det er ikkje idrettsråd i Bjerkreim, Bjerkreim idrettslag ivaretek denne funksjonen.

This website uses cookies. By continuing to use this site, you accept our use of cookies.